Det er ein krevjande vinter for villreinen. I Sirdal og Bykle kommune er det innført ekstraordinær bandtvang. Regn med påfølgjande frost har ført til at store beiteområde i høgheia har isa ned. Villreinen trekk nedover på leiting etter mat og spreier seg ut seg ut i mindre flokkar. Det er observert dyr på stader der dei normalt ikkje går.
Sirdal kommune oppmodar folk til å halde seg til dei preparerte løypene og ikkje oppsøke områder med villrein. Om du treff på villrein er det viktig å halde lang avstand og ikkje stresse dyra.
Send gjerne ein SMS til Statens Naturoppsyn (tlf: 915 85 265) om du ser villrein eller villreinspor i områder der det ikkje plar vera villrein.
Kommunen vonar folk har forståing for den ekstraordinære situasjonen og at bandtvangen vert respektert.