Åpningstider
Ordinære åpningstider Tonstad
Mandag kl. 11-15
Onsdag kl. 11-19
Fredag kl. 9-16
Ordinære åpningstider Sinnes filial
Mandag kl. 17:00 - 20:00
Sinnes filial følger skoleruta og holder stengt i ferien.
Biblioteket har også en ungdomsavdeling som i tillegg til et godt utvalg av bøker også kan benytte seg av både XBOX og Playstation.
Biblioteket har også publikumsnett (wi-fi), samt publikums PC med muligheter for utskrift av dokumenter.
Eksterne lenker:
Digitale bibliotektilbud > https://karanteket.no/
Utval av bøker
Biblioteket har eit breitt utval av nye bøker – men du finn òg dei gamle klassikarane i hyllene våre! Ein vil òg oppmode publikum til å ta ein nærare titt på det flotte utvalet av tidsskrift, magasin og vekeblad, som me har eigne hyller for. Desse hyllene er alltid oppdatert og her fins mykje spennande lesestoff!
Bibliotektransport
Dersom me ikkje har den boka du søkjer etter, så kan me fjernlåne denne for deg. Me har eit flott lånesamarbeid i heile Agder. Tre bilar køyrer på kryss og tvers mellom biblioteka i Agder-fylka og hentar og leverer bøker og andre medier som våre brukarar ønskjer å låne. Kvar dag! Dette er utan at det kostar lånarane ei einaste krone! Til saman har dei 50 biblioteka på Agder to millionar bøker og femti tusen filmar til utlån.
Initiativtaker til bibliotek i Sirdal
Øyvind Normann var distriktslege i Sirdal frå 1938 til 1971. Allereie i 1942 tok han initiativ til å starte Tonstad kommunale folkeboksamling.
Sal av bøker
I tillegg til bygdebøkene “Sirdal – Gard og ætt” (bind I - V) og “Kultursoga” (bind VI og VII), har me fleire flotte bøker og filmar frå Sirdal som egner seg godt som gåveartiklar: DVD Turisten * DVD Driftesmalen * BOK “Midt i Blinken” av Torbjørg Haugen * BOK Sirdalsboka * BOK Segner og historie frå Sirdal * BOK Sirdal, fotografi frå Magnus Espeland * m.m. Me har òg filmar frå lokale UKM (Ungdomens Kulturmønstring) og elevkosertar med SMoK (Sirdal kulturskule) – Ta kontakt med oss dersom du er interessert i dette!