Me ønskjer alle vel møtt til «Galleri Sybjen». Her skal stovene fyllast opp med biletkunst frå Torunn Moi og Sidsel Hølmebakk Evelid. Me håper mange vil ta turen innom denne flotte utstillinga som er tilgjengeleg fram t.o.m. laurdag 11. desember.
Offisiell opning er måndag 29. november kl. 18.00.
Elles er utstillinga open til følgjande tider:
Måndag 29. november kl. 18.00 – 20.00
Tysdag 30. november kl. 18.00 – 20.00
Torsdag 2. desember kl. 18.00 – 20.00
Laurdag 4. desember kl. 12.00 – 15.00
Tysdag 7. desember kl. 18.00 – 20.00
Torsdag 9. desember kl. 18.00 – 20.00
Laurdag 11. desember kl. 10.00 – 15.00
Utstillinga kan òg vitjast andre tider, då etter avtale med kulturkontoret på telefon 38 37 90 70.
Torunn Moi
Torunn er frå Kvinesdal, og har alltid vore glad i kreativt arbeid. Dei siste åra har dette kome til uttrykk gjennom biletkunst, og ho brukar meir og meir tid på dette. Ho er glad i fargar, og likar å sleppa fantasien laus. Ho finn ofte ein sterk inspirasjon frå ord, eller setningar. Dette kan vera frå hovudet hennar eller noko ho les. Då må ho umiddelbart prøve å formidle kjensla av orda på eit lerret – noko ho greier med glans! Bileta hennar er ei spennande reise gjennom eit stort kjensleregister, og ein møter sterke fargar og spennande komposisjonar. Torunn bur i Sirdal, og arbeidar på SFO Sinnes.
Sidsel Hølmebakk Evelid
Sidsel er frå Feda. Ho har alltid vore interessert i å skapa noko, før var det mest saum og tekstil, men i seinare tid er det mest oljemaling og penslar som har vore hennar favorittreiskap.
I yngre dagar var ho elev på Statens kvinnelige industriskole, i klassen for kulørt prydsaum. Seinare har ho tatt ekstra utdanning på Bergen Tegne- og maleskule, og på Kunstskulen i Stavanger. Hennar favorittmotiv er landskap, og ho likar å leggja vekt på himmelen og lyset. Ho har fleire gonger vore i Danmark for å male, her er det noko forlokkande over det opne landskapet der himmelen er stor og open. Ho er elles opptatt av å formidle stemning i bileta sine, og «strebar» etter å få til det riktige lyset for å gjengi dette. Ho har fleire gonger fått høyre at det «er sånn ein god ro» i bileta hennar.
Torunn og Sidsel gler seg til å stilla ut bileta sine i «Galleri Sybjen», og håper mange vil ta turen innom i løpet av opningsperioden. Utstillinga er i Sigbjørn K. huset, bak rådhuset på Tonstad.
NB: Den siste opningsdagen, laurdag 11. desember, er det Førjulshandel på Tonstad. Denne dagen er det mange gode tilbod på butikkane, og ulike aktivitetar i sentrum. Vel møtt!
Sirdal kommune / Eining for kultur og fritid / Tlf.: 38 37 90 70 / E-post: gko@sirdal.kommune.no