To flotte hagar – gode område for auge og sjel

Eining for kultur vil oppmode alle folk, både fastbuande og besøkjande, til å vitja dei flotte hagane me har. På Tonstad er det «Sigbjørn K. hagen» og på Kvæven er det «Medisinhagen». Her kan du nyte godvêret medan du går rundt og studerer alle dei fine plantene som er her. Me har merka planter og buskar, slik at det er lettare å sjå kva det er, samstundes som du kanskje kan lære noko nytt om planter. Meir informasjon her: Vel møtt til gode hageopplevingar i sommar

WXjoB 9o 5lgYAAAAASUVORK 5CYII=

Sundag 28. juni / Ordførarens tur til stølen (Naturlos)

Ordføraren inviterer på vandringstur til eit gamalt stølsområde. Undervegs vert det forteljing om den gamle tradisjonen med å støle om sommaren, skikkar og gjeremål. Langs ruta går me forbi to høyløer som vitnar om gamal byggeskikk. Målet for turen er «Heimrestøl», og her er spor etter både ny og gamal stølsbruk, og det vert forteljing av segn og aktivitetar for born. Ein ber alle om å ta med nistemat. Turen er vêravhengig. Oppmøte er kl. 13.00 ved parkeringsplass nord for Guddalsbrua (sjå kart på www.sirdal.kommune.no). Herfrå køyrer ein inn til «Nera Løyntjødn» kor gåturen startar. NB: På grunn av smitteverntiltak er det påmelding til turen. Påmelding til gko@sirdal.kommune.no / eller telefon 38 37 90 70 innan tysdag 23. juni.

Kino

Sirdal komm. kino er på Tonstad, som ein del av kulturhuset. Her det faste visningdagar kvar sundag og onsdag. I tillegg er det nokre gonger visningar på fredagar. Du kan finna kinoprogram og kjøpe billett på internettsida: https://www.filmweb.no/sirdalkino/ Kinoen er sommarstengt f.o.m. måndag 29. juni og fram t.o.m. sundag 9. august.

Sufh 8HNZXD 8Kz IiGnmNkQ 6MdGCkAyMdGOnASAdGOjDSgZEOjHRgpAMjHRjpwEgHRjow 0oGRDox 0YKQDIx 3413dgBPj  63s 88gojHRjpwEgHRjow 0oGRDox 0YKQDIx 0Y 6cBIB 0Y 6MNKBkQ 6MdGCkAyMdGOnASAeeSQf L 5VOI 4dAxAPSAAAAAElFTkSuQmCC

Bibliotek

Hovudbiblioteket er på rådhuset i Tonstad sentrum, og Sinnes filial er i lokala til Sinnes skule. Biblioteket kan tilbyde publikum eit stort utval av bøker, lydbøker, DVD-filmar, tidsskrift, vekeblad og avis. Det er PC med internett-tilgang som publikum kan bruke samt ei ny ungdomsavdeling med m.a. dataspel (i kjellaren på Tonstad). Biblioteket har fleire artiklar for sal, bøker og filmar med lokalhistorisk innhald (les meir nedanfor). Biblioteket er òg arrangør for mindre tilstellingar, som forfattarbesøk og visekveld. I sommarperioden er Biblioteket på Tonstad opent alle dagar kl. 09.00 – 16.00 (f.o.m. måndag 29. juni t.o.m. fredag 7. august). Sinnes filial er stengt i skuleferien.

U 7GJMwwAAAABJRU 5ErkJggg==

Tonstadbadet

Tonstadbadet er lokalisert på Tonstad skule. Det er eit flott badeanlegg med Velværebasseng, Idrettsbasseng, Badstove, Kiosk m.m. I Velværebassenget er det plaskebasseng og opplæringsbasseng, og Terapibasseng med ulike attraksjonar som motstraum, massasje og vannkanon. Her er òg ein eigen sitjedel med boblebad. Tonstadbadet er opent frå 16. juni og fram til 30. juni. For opningstider, prisar og reglar, sjå: https://www.facebook.com/tonstadbadet/

J 2O 1w 2oOaA 5oDmgOaA 5oDmgOaA 5oDmgOaA 5oDmgOaA 5oDmgOaA 5oDmgOfFkc 0EDwl Wd 0M 5Dc 0BzQHNAc 0BzQHNAc 0BzQHNAc 0BzQHNAc 0BzQHNAc 0BzQHNAc BzckADwZ TsdphNQc 0BzQHNAc 0BzQHNAc 0BzQHNAc 0BzQHNAc 0BzQHNAc 0BzQHNAe LA 5oIPjL 8k 5o 56E 5oDmgOaA 5oDmgOaA 5oDmgOaA 5oDmgOaA 5oDmgOaA 5oDmgOaA 58Dk 58P 8BEUHAFz 4cBSQAAAAASUVORK 5CYII=

Museum

På Sirdal fjellmuseum er det ei stor samling av fleire bygg (10 stk.) og gjenstandar som syner den gamle bygdekulturen i Sirdal. Det eldste huset er frå 1770-åra. Inne i hovudbygningen er det ei utstilling som syner kvardagslivet i Sirdal gjennom fleire generasjonar. Bruk og hausting av naturen var ein viktig del av dagleglivet. Dersom du har lyst til å besøke utstillinga på museet eller ta ei vandring på det gamle bygdetunet, ta kontakt med Turistinformasjonen på Kvæven.

Ahxz 8AAAAASUVORK 5CYII=

Turistinformasjonen

I sommarperioden er det Turistinformasjon både på Kvæven og Tonstad. På Kvæven er den i lokala til Sirdal fjellmuseum (denne er òg open resten av året), og på Tonstad er den på biblioteket (berre sommarsesongen). Opningstider Kvæven: f.o.m. laurdag 13. juni t.o.m. sundag 16. august. Alle dagar kl. 09.00 – 16.00. Opningstider Tonstad: f.o.m. måndag 29. juni t.o.m. fredag 7. august. Alle dagar kl. 09.00 – 16.00

Vandringsturar

Det er mange flotte turstiar som du kan utforske på eigenhand. På nettsida til Lister Friluftsråd finn du mange gode turforslag i Sirdal, du kan òg vitja Turistinformasjonen for å få gode tips til turar. På to utvalde turstiar er det plassert store stolar som kan vera ein attraksjon i seg sjølve. Desse finn du på turen Klovsteinen (Tonstad) og Røseknuten (Tjørhom). Me har òg gjort eit utplukk av turstiar som me har laga flotte «turkort» til, desse kan du få på Turistinformasjoen. Desse turane er: Hilleknuten (frå Fidjeland), Kvæven-Haugen (frå Kvæven eller Haugen), Storeknut (vest for Sinnes v/Gravvassryggen), Havsynknuten (frå Lindeland) og Gamle Finsnesbakkane (frå Tonstad). Elles kan ein òg nemna den kulturhistoriske Brudleruta, som er ein gamal ferdselsveg mellom Sirdal og Kvinesdal.

KgOOrq 0voMIAAAAASUVORK 5CYII=

Opplevingar frå bilen

Dei fyrste turistane som kom til Sirdal skapte furore på Lunde i 1832 då dei forklarte at målet for reisa var berre å sjå seg om. Det var heilt framande på den tida å reise rundt utan mål og meining. I dag er det annleis, og sirdølar har blitt godt kjend med turisme. Skal du reise gjennom Sirdal i dag for å «sjå deg om», så veit me at opplevinga vert større dersom ein kan læra noko/få litt ekstra informasjon undervegs. Sjå meir her: Kulturhistorie langs vegen

Område for friluft og rekreasjon

Det er mange flotte område i Sirdal som er tilrettelagd for friluftsliv. I tillegg er det gode stadar for bading og for fiske. Turistinformasjonen har god informasjon om dette. Eit par stadar som ein kan anbefale er på/ved Sirdalsvatnet. Holmen vart tilrettelagt for to år sidan, og har hatt mykje besøk sidan då. Strandeli er «nytt område», tilrettelagd sommaren 2020, og ein vil anbefale alle besøkjande om å leggja turen hit.

Holmen i Sirdalsvatnet Kjem du båtvegen til Sirdal, eller kjenner nokon som har tilgang på båt her, så bør du ta deg ein tur ut til Holmen i Sirdalsvatnet. Her kjem du til eit flott bryggeområde. Vidare går stien til eit flott friluftsområde med gapahuk og bålplass. Holmen er ein historisk stad i Sirdal, og sagnet om dronning Astrid si flukt er knytta til staden.

Strandeli – ein kulturhistorisk stad, Sirdalsvatnet Bryggeområdet nede ved Strandeli er tilrettelagd for friluftsliv. Her er gapahuk og grillplass. Du kan koma hit enten med båt vassvegen, eller med bil frå Oftedal og ned til Strandelibrua. Frå parkeringsplassen her kan du ta den flotte spaserturen ned langs den gamle bryggevegen. Denne vegen har vore viktig for mange som budde i dei ulike grendene langs Sirdalsvatnet, og har spelt ei stor rolle i kvardagslivet. Når det er mykje vatn i Strånnefossen så er det ei mektig oppleving her nede. Det er òg visuell kontakt til det gamle bryggeområdet nord for fossen (gamle Strandeli brygge). Sommaren 2020 skal det monterast eit større infoskilt her, som beskrivar dei ulike kulturminne her.

x  1z 3m 6W 6XGXQAAAABJRU 5ErkJggg==

Utlån av kano

Det er mange flotte vatn i Sirdal som egnar seg godt til padling. Eining for kultur har kanoar til utlån, som er plassert på Tonstad (Båthamna). Ta kontakt med Turistinformasjonen dersom du ønskjer å låne. Her er òg naudsynt utstyr til låns.

 9YCcvT 9txYQFy 8EhIAQEAJCQAgIASEgBISAEBACQkAICAEhIASEgBB 4hQRE 9H 2F 7kxxKUJACAgBISAEhIAQEAJCQAgIASEgBISAEBACQkAICAERfcVjQAgIASEgBISAEBACQkAICAEhIASEgBAQAkJACAgBIfAKCYjo wrdmeJShIAQEAJCQAgIASEgBISAEBACQkAICAEhIASEgBAQAiL 6iseAEBACQkAICAEhIASEgBAQAkJACAgBISAEhIAQEAJC 4BUSENH 3FbozxaUIASEgBISAEBACQkAICAEhIASEgBAQAkJACAgBISAERPQVjwEhIASEgBAQAkJACAgBISAEhIAQEAJCQAgIASEgBITAKyQgou 8rdGeKSxECQkAICAEhIASEgBAQAkJACAgBISAEhIAQEAJCQAj 8DxL 3nTZqdWv AAAAAElFTkSuQmCC

Kontaktinformasjon

Eining for kultur og fritid

Alf Sveinung Haughom            ash@sirdal.kommune.no                                  38 37 90 72

Gudrun Kristine Ovedal           gko@sirdal.kommune.no                                 38 37 90 70

Jenny Kristin Fidjeland            jenny.kristin.fidjeland@sirdal.kommune.no      38 37 90 47

Lars Sigbjørn Nedland             Lars.Sigbjorn.Nedland@sirdal.kommune.no     38 37 90 54

Tonstadbadet

Odd Inge Josdal                       Odd.Inge.Josdal@sirdal.kommune.no               945 31 811

Bibliotek

Anja Haughom                        Anja.Haughom@sirdal.kommune.no                38 37 90 75

Kino

Anne-Beth Fintland                 anne.beth.fintland@sirdal.kommune.no            928 48 922

Turistinformasjonen

Kvæven og Tonstad                 turist@sirdal.kommune.no  945 02 982 (Kvæven) 38 37 90 75 (Tonstad)