Marknad i gamle dagar

Ei lita reise tilbake i tid – marknad i hagen på Eliastunet.

Vel møtt til Tonstad sentrum laurdag 15. juli kl. 13.00 – 16.00. Denne dagen reiser me tilbake i tid, og lagar til marknad slik som dei gjorde i fyrste halvdel av 1900-talet. Me håper mange vil leite fram tidsmessige klede og ta turen til Eliastunet denne dagen.

 

Marknad i gamle dagar

Dersom ein reisar tilbake i tid, finn ein mange tradisjonar som var viktige i kvardagen til sirdølen. Ei stor tilstelling var Dyrskue, som var eit årleg arrangement fleire stadar i dalen. Dette var ei slags saueutstilling som vart arrangert etter at sauene hadde kome heim frå heia. På Dyrskuedagen handla det ikkje berre om sauer, men kanskje vel så viktig var det sosiale treffpunktet, med underhaldning og sal av ymse varer som ei ramme kring dagen. I dag har ein framleis Sirdalsdagane som er tufta på denne tradisjonen, og som vert arrangert kvar haust på Kvæven.

Frå tidlegare historieforteljing finn ein òg at Dyrskuedagen på Tonstad var årets høgdepunkt for mange, nesten på lik linje med jul- og påskefeiring. Eit typisk Dyrskue for om lag 100 år sidan kunne føregå slik: I tillegg til utstilling av sauer, og premiering av desse, så vart det seld mat og frukt. Ofte var dette eple eller pærer frå eigen hage. Det vart sett opp ein slags «fornøyelsespark» med skytebane, lykkehjul, loddsal og mykje anna. Det var god musikk, og folk kom tilreisande frå heile dalen.

Vel møtt til marknad 15. juli 2023

Som ein del av Heimesommar 2023, så vil Sirdal kommune invitere til eit marknad i juli, som er inspirert av denne gamle tradisjonen. Me ønskjer å reise tilbake i tid, til fyrste halvdel av 1900-talet, og skapa kjensla av ein tradisjonelt marknad. Dagen vert utan sauer, då desse skal få hovudrolla til hausten under Sirdalsdagane, men nokre andre dyr vil det vera høve til å sjå på marknaden.

Me vil invitere alle til Eliashagen v/Indre Hauan, og oppmodar til å ha på tidsriktige klede denne dagen. Du må gjerne ha med deg nokre «varer» i ei korg, til dømes kunstprodukt du har laga eller noko frå hagen din. Dette kan du prøve å bytte mot andre produkt i bytteboden.

Program for dagen

Marknaden er laurdag 15. juli. Ordføraren står for opninga kl. 13.00, og marknaden vert avslutta med ein auksjon i 15.30 tida. Elles på programmet kan ein freiste med følgjande:

- Leikar, lykkehjul og tevling

- Salsboder med ulike kortreiste produkt og «gamle» søtsakar

- Byttebod (har kan du prøva å bytte varene dine mot andre varer)

- Trekkspelmusikk og allsong

- Utstilling med motiv frå «Tonstadbua»

- Sal av mat

- Bakeriet skal vera ved den gamle bakaromnen i Indre Hauan

- Det vert høve til å sjå kaninar og høner

- Historie «Tonstad sentrum for 100 år sidan»

- Utstilling av nokre veteranbilar

- Auksjon

Me ønskjer alle vel møtt til å bli med å skapa stemning av tidleg 1900-talet, kle gjerne opp heile familien i «gamle klede» og ta turen til Eliashagen. Her kan du nyte underhaldninga og få deg noko godt å eta.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med oss på eining for kultur dersom du har spørsmål, eller ønskjer å bidra med noko på programmet.

Alf Sveinung Haughom / Telefon: 414 57 587 / ash@sirdal.kommune.no

Terese Moen / Telefon: 992 38 567 / Terese.Moen@sirdal.kommune.no

 

Foto 2 omtale Marknad

Ta gjerne på deg nokre "gamle klede" og kom på marknadsdagen.

Foto 3 omtale Marknad

Nokon øver på å bytte til seg varer, medan andre leikar.