Om lag 80 personar hadde møtt fram ved Sirdal Fjellmuseum i samband med tenninga av julegrana tysdag ettermidag.
Varaordførar Isak Liland kom med ei helsing til dei frammøtte før treet blei tent. Deretter var det gange rundt treet til musikk frå musikkorpset.
Inne på kafeen blei det det servert risgraut og song frå SMoK si vokalgruppe på Sinnes.