I løpet av våren og sommaren skal Kartverket gjennomføre flyfotografering og laserscanning av Sirdal kommune. Føremålet med flyfotograferinga er å få nye oppdaterte flyfoto og å oppdatere karta. For å klargjere for flyfotograferinga, vil det vere behov for å lage signaleringsmerke. Desse merka vil bli innmålt og blir brukt til å koble flyfoto saman med korrekte koordinatar. Dei fleste av desse vil bli plassert i veg og ser ut som på bildet under. 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

For at kartlegginga skal bli best mogleg er det viktig at desse merka får stå i fred. Dersom nokon har spørsmål kan dei rettast til Jostein Frøysnes i Sirdal kommune.