søknadsfrist 20. januar.

Informasjon om stipend – Sirdal kommune

Sirdal kommune håper mange innbyggjare vil oppmode aktørar innanfor kulturfeltet til å søkja om Idrettsstipend og kulturstipend.

Frist for å sende inn til oss er: 20. januar 2023.

Kulturstipend og Idrettsstipend

Felles retningsliner for begge ordningane:

Stipendordninga skal vera ei støtte og oppmuntring til vidare utvikling/utdanning innanfor det utvida kulturomgrepet. Ordninga retter seg særskild mot ungdom som satsar høgt innanfor sin idrett/kunstart, men også andre kan søkja. Stipendet vil kunne oppfattast som ein viss kompensasjon for tap av inntekt som følgje av satsing/utdanning. Stipend kan òg søkjast i samband med dekning av delar av utgifter til relevante kurs og liknande.

Stipend må den enkelte søkja om sjølv. Søknaden skal innehalde ei grunngjeving, samt dokumentasjon og oversikt over relevante kostnadar. Det kan søkjast stipend for 1 år om gongen. Maksimalt stipend pr. år er satt til kr. 50.000. Det er kun mogleg å bli tildelt stipend 2 gonger. Søkjarar av idrettsstipend og/eller kulturstipend må vera fylt 16 år.

Søkjarar av idrettsstipend/kulturstipend må vera registrert i folkeregisteret i Sirdal kommune eller ha nære band til kommunen. Søkjarar som har direkte tilknyting til det lokale idrettsmiljøet/kulturlivet i kommunen vil bli prioritert ved tildeling.

Frist for å søkja stipend er 20. januar (gjeld for stipend 2023). Markering av dei som har mottatt stipend skjer ved ein passande høgtideleg anledning.

Før utval for oppvekst og levekår tildeler stipend, skal det føreligge ei vurdering frå arbeidsgruppa som er nedsett av utvalet.

Søknadsskjema for 2023 finn du her:  Søknadsskjema Idrett-og Kulturstipend 2023.pdf

 

Idrettsstipend:

Søknaden må innehalde ei kort oversikt over idrettsutøvarens personalia, samt dei fremste prestasjonar så langt og framtidige målsettingar. Idrettsutøvarar som mottar stipend skal profilere/synleggjera at dei er støtta av Sirdal kommune. Mottakarar av idrettsstipend vil få utdelt ein «profileringspakke» frå kommunen som dei må bruka i henhald til sin aktivitet. Bruken av denne må vera avklart mellom stipendmottakar og kommunen.

Idrettsstipend kan tildelast personar som har vist gode prestasjonar og som synes å ha gode utviklingsmoglegheiter. Søkjarar som driv innan ei sportsgrein som er definert som ein idrett inn under Norges idrettsforbund skal prioriterast. Idrettsstipend kan tildelast 1 til 2 søkjarar pr. år. Sirdal idrettsråd er høyringsinstans for tildeling av idrettsstipend.

Kulturstipend:

Kulturstipend skal vera ei støtte og oppmuntring til vidare utvikling/utdanning for skapande og utøvande talent og til spesielle arbeidsoppgåver som kan vere til nytte for kulturlivet i Sirdal.