Sirdal kommune ber deg ha hunden i band i påsken. I år er dette ekstra viktig sidan påsken fell tidleg og den nasjonale bandtvangen ikkje trer i kraft før andre påskedag.
Kommunen gjer merksam på at det er innført obligatorisk bandtvang i alle lysløyper og tråkkemaskinpreparerte løyper gjennom lokal forskrift vedtatt av kommunestyret i 2010.
Det er også viktig at hunden går i band utanfor skiløypene. Av hundelova går det klart fram at hundar berre kan vera lause når dei er under slikt tilsyn og kontroll at ein i størst mogeleg grad førebygger og hindrar skade på og ulemper for menneske, husdyr, tamrein, vilt eller eigedom. Vidare i lova er det presisert at hundar alltid skal haldast under slikt tilsyn at dei så vidt mogeleg hindrast i å drive eller forfølge vilt.
I praksis tydar dette at me lyt gå med hunden i band under normale snøvintrar i Sirdal.
Dyre- og fuglelivet er rikt – i heile kommunen. Vinteren er ei tøff tid for mange artar grunna dårlig tilgang på mat og harde vêrtilhøve. Forstyrringar frå lause hundar fører til stress- og flukt reaksjonar som tappar dyra for energi og reduserer tida dei har til leiting etter og inntak av mat. Rådyr vert eit lett bytte for hundar som spring oppå snøen.
Føre-var-prinsippet tilseier at du bør bruke band sjølv om hunden din er svært snill og lydig. Dette har også ein positiv signaleffekt ovanfor andre hundeeigarar.
Kommunen kan innføre ekstraordinær bandtvang av omsyn til viltet, men dette virkemiddelet er i utgangspunktet mynta på heilt spesielle – ekstraordinære – situasjonar. I Sirdal er det heilt normalt at det ligg snø – både mykje og lite. Kommunen ønsker difor å vera tydelig på at normalen bør vera å ha hunden i band. Kvar vinter og kvar påske.