Det vart ei annleis markering av Nasjonaldagen dette året, men det var likevel flotte markeringar og aktivitetar rundt omkring i vår langstrakte kommune.
Her er eit lite biletdryss frå dagen. Ein legg òg ut talar og appellar, desse kan du lesa nedanfor bileta.
Frå kransnedlegging ved minnestøtta, Stronda. På bilete er ordførar Jonny Liland og Anne Turid Rostøl. Sistnemnde hadde ein flott appell her ved minnestøtta.
Solbjørg Tjørhom gjennomførde ein flott tale for dagen på Kvæven. Denne talen kan du sjå på sirdalmedia.no (Foto: Leif Sirevåg, SirdalMedia)
Frå bilkortesjen på Kvæven, her ser de veteranbilane som har stilt deg opp. (Foto: Leif Sirevåg, SirdalMedia)
Flott minikonsert med korpset i Sansehagen, Sirdalsheimen. (Foto: Sirdal kommune)
På bilete ser de Merete Liland i Sirdalsbunad, som styrte køen og stolheisen ved Sirdal skisenter på 17. mai. (Foto og tekst: Leif Sirevåg, SirdalMedia)
Frå bilkortesjen på Tonstad. (Foto: Kjetel Lindeland)
Korpset spelar utanfor klubbhuset til TonstadIL (Foto: Kjetel Lindeland)
17.mai tog på Hompland, til glede for store og små. Dette er truleg fyrste gong grenda har gjort. (Foto: Kjetel Lindeland)
Frå 17. mai arrangementet på Kvæven, kor ein var saman i kvar sine bilar. (Foto: Leif Sirevåg, SirdalMedia)
Tale og appell.
Denne vart framførd på Tonstad, parkeringsplassområde med klubbhuset til Tonstad IL)
Framførd ved minnestøtta i Stronda, Tonstad.
Denne vart framførd på Kvæven. (På SirdalMedia kan du sjå video av denne, følg link).
(17. mai komiteen hadde tidlegare planlaga at denne skulle framførast utanfor Sirdalsheimen, i tilknyting til flaggheisinga. Dette vart ikkje noko av på grunn av smitteverntiltak, men du kan lesa den her.)