Det var mange som fekk med seg før-premiere og premiere på filmen Fjellfolk, 120 publikummarar hadde funne vegen til Sirdal kulturhus, sundag 7. april.
Foto: Per Magne Sinnes
Filmen skildrar livet i Sirdal på 1930-talet i arbeid og fest. Den syner barn på skulen, smedarbeid, baking, snaresetjing og bryllaup.
Neste visning er på Sirdal fjellmuseum, onsdag 17. april kl. 18.00. Det kan vera lurt å kjøpa billett på førehand her: Ebillett
Her er eit biletdryss frå premierekvelden:
Før filmen vart det servert Champagnebrus ved inngangen - til glede for dei frammøtte.
Unge skodespelarar på rød løpar.
På rød løpar: Skodespelarane John Ove Sinnes og Tøre Ådneram.
På rød løpar: Skodespelarane Olav Sinnes, Olaf Tjørhom (bak) og Tor Jostein Bjunes.
Dyktige skodespelarar frå filmen.
Mennene bak filmen, frå venstre: Magnar Undheim (regi), Svein Rune Skilnand (foto og produsent), Magne Østby (klipp).