Det vart ein flott temakveld om nissen på Sirdal fjellmuseum, onsdag 13. desember. Dei frammøtte fekk høyra om tradisjonar i ulike land som er knytt til nissen. Etterpå vart det teiknestund, der borna skulle teikna "sirdalsnissen", og her kom det fleire kreative forslag. Ein er svært nøgd med arrangementet - det vart ein lun og koseleg kveld på museet.
Takk til alle som møtte opp denne kvelden!