Sirdal kommune har i dag innført ekstraordinær bandtvang frå og med Liland og nordover.
Bandtvangen er innført for å beskytte villrein som er i ein sårbar situasjon grunna ekstremt isete beiteforhold.
Villrein er den siste veka observert langt sør for Brokke–Suleskardvegen, nært opp til større hytteområder.
Kommunen ber deg vise særlig omsyn når du ferdast i fjellet og ikkje oppsøke stader der det er observert dyr.
Om du treff på villreins er det viktig at du held deg på lang avstand og held deg rolig slik at dyra får høve til å fare vidare i sitt tempo.
Kommunen vonar folk har forståing for den ekstraordinære situasjonen og at bandtvangen vert respektert.
Forskrift om ekstraordinær bandtvang for hund i Sirdal kommune