Frå mai 2024 får gravide tilbod om å ta kikhostevaksine. I Sirdal kommune kan ein få vaksinen på helsestasjonen hjå jordmor eller hjå fastlegen. 

Frå mai 2024 får alle gravide tilbod om kikhostevaksine i veke 24 av svangerskapet. No ved oppstart gjeld tilbodet for alle som er gravide i veke 24 eller har kome lengre i svangerskapet.

Tilbodet vert gjeve som del av det nasjonale barnevaksinasjonsprogrammet, og er gratis for den gravide.

- Det er godt dokumentert at denne vaksinen er nyttig for å førebyggje alvorleg sjukdom hjå spedborn, og det er også godt dokumentert at vaksinen er sikker.

Kvifor bør gravide ta kikhostevaksine?

•    Kikhoste er ein luftvegsinfeksjon som kan gjera små barn alvorleg sjuke.
•    Sjukdomen er farlegast for uvaksinerte barn under 1 år.
•    Vaksinasjon i svangerskapet vernar barnet ditt mot kikhoste frå fødsel og fram til barnet får første vaksinedose ved 3-månaders alder.
•    Kikhostevaksinen vert tilboden gravide i store delar av verda, og gjev spedbarn godt vern mot kikhoste.

Korleis verkar vaksinen?

•    Gravide som tek vaksine lagar vernande antistoff.
•    Antistoffa vert overførte vidare til barnet i magen.
•    For at barnet skal få vern må du få vaksine medan du er gravid – uansett når du fekk førre vaksine mot kikhoste.

Under og etter vaksinasjon

•    Vaksinen vert tilrådd ved svangerskapskontrollen i veke 24 hos jordmor eller hos fastlegen.
•    Vaksinen blir gjeven med eitt sprøytestikk i overarmen.
•    Det er vanleg å få litt vondt på stikkstaden ein kort periode.
•    Enkelte får feber, vondt i musklane og kjenner seg litt sjuke eller utmatta, dette er forbigåande og milde symptom.
•    Det er ikkje vist at barn får biverknader når mor blir vaksinert mot kikhoste i svangerskapet.
•    Kontakt helsepersonell dersom du har spørsmål eller er bekymre for plager/sjukdom etter vaksinasjon.