Sirdal kommune oppmodar til å sende inn forslag til kandidatar for Kulturprisen og Byggeskikkprisen 2023. I tillegg oppmodar ein til å søkje om Kulturstipend og Idrettsstipend. Fristen for å sende inn er 10. desember (forlenget frist).
Kulturprisen
Kulturprisen har blitt delt ut sidan 1987, då var det Sindre Eide som var den fyrste mottakar av denne gjeve prisen. Prisen har blitt delt ut kvart år sidan dette, men frå 2010 vart det ei ny ordning slik at prisen no vert delt ut annakvart år.
Det går an å forslå kandidatar som har vore ein stimulans til kulturlivet i kommunen, og som har gjort særleg fortenestefult arbeid innanfor ramma av heile det utvida kulturomgrep. Prisen er i fyrste omgang tiltenkt enkeltpersonar som innanfor eit eller fleire kulturområde har vore verdfulle rådgivarar, nyskaparar eller verdibevararar.
Det går òg an å foreslå kandidatar innanfor det frivillige organisasjonsarbeidet. Det er då dei som er med på å skapa aktiviteten som kan bli foreslått, og ikkje dei aktive sjølv som drar nytte av slik innsats. Prisen kan òg delast ut til grupper av personar og organisasjonar.
Kulturprisen består av eit keramikkskjold som er laga av Marit Madshus. I tillegg vert det delt ut ein gåvesjekk på kr. 10.000 og diplom. Tildelinga skjer etter innsendte forslag, og det er utval for oppvekst og levekår som vurderer, og gjør vedtak om kven som skal få prisen tildelt.
Statutter for Kulturprisen i Sirdal
Byggeskikkprisen
Hovudformålet ved innføring av Bygningsvern-/byggeskikkpris i Sirdal kommune var å medvirke og stimulere til bevisstgjering av innbyggjarane i Sirdal, slik at antikvariske og arkitektoniske verdiar ble verdsatt og gjenskapt. Prisen vart innførd i 1993, og har blitt delt ut alle år etterpå, frå 2010 har den blitt delt ut annakvart år.
Prisen vert delt ut til kandidatar som er foreslått. Det er Byggeskikknemnda i Sirdal kommune som føretar vurdering og gjør vedtak om kven som skal få prisen tildelt. Prisen kan delast ut i fleire kategoriar, m.a. for god pleie og jamt vedlikehald, for omfattande utbetring, for nybygg, og for særskild aktiv innsats for å fremja bygningsvernet.
Prisen består av ein plakett til å montera på bygningen, samt ein gåvesjekk på kr. 10.000 og diplom.
Vedtekter for Byggeskikkprisen i Sirdal
Idrettsstipend og Kulturstipend
I motsetnad til dei to prisane som er nemnd ovanfor, så er stipenda ikkje noko som ein foreslår kandidatar til, dette er ei ordninga som den enkelte må søkja om sjølv. Fristen for dette er òg 1. november, og ein vil oppmode skapande og utøvande talent om å søkja om dette. Søkjarar av stipend bør vera registrert i folkeregisteret i Sirdal kommune, eller ha nære band til kommunen. Det er utval for oppvekst og levekår som gjør vedtak om kven som skal få tildelt stipend.
Idrettsstipend kan delast ut til personar som har synt gode prestasjonar og som har gode utviklingsmoglegheiter. Søkjarar som driver innan ei sportsgrein som er definert som ein idrett under Noregs Idrettsforbund skal prioriterast. Stipendet skal vera ein stønad og oppmoding til vidare utvikling/utdanning, og rettar seg særskild mot ungdom som satsar høgt innanfor sin idrett. Stipendet kan vera ein viss kompensasjon for tap av inntekt som følgja av satsing eller utdanning. Stipendets størrelse er inntil kr. 50.000. Tidlegare mottakarar av Idrettsstipend har vore innan ulike idrettar som: skiskyting, langrenn, fotball, rallycross og hestesport.
Kulturstipend skal vera ein stønad og oppmoding til vidare utvikling/utdanning for skapande og utøvande talent og til særskilde arbeidsoppgåver som er til nytte for kulturlivet i Sirdal. Tidlegare mottakarar av Kulturstipend har vore innanfor ulike sjangere, som: bokprosjekt gamle tradisjonar, kunst/skulptur, piano, film/filmklipping, produksjon av CD, vidareutdanning sang, utdanning biletkunst, innspeling av film.
Frist for å melde inn kandidatar til Kulturprisen og Byggeskikkprisen er 10. desember (forlenget frist) 2023.
Kandidat med beskrivelse sendes på e-post/brev, ein har ikkje eige skjema for dette.
Frist for å søkja om Idrettstipend/Kulturstipend er 10. desember (forlenget frist). Søknadsskjema her:
Søknadsskjema for Idrett-og Kulturstipend 2024
Send inn til Sirdal kommune, Tonstadvegen 28, 4440 TONSTAD eller på e-post: post@sirdal.kommune.no