Dette året valde Sinnes skule å bruka FN-dagen til å bli betre kjent med Sira-Kvina og vatnet si rolle for Sirdal. Me reiste difor til Tonstad kraftverk og hovudkontoret til Sira-Kvina. Me fekk fyrst ei innføring om anlegga, produksjonen og Sira-Kvina sitt miljøarbeid av Per Øyvind Grimsby. Sidan delte me oss i grupper med tre ulike stasjonar. Ei gruppe fekk vidare informasjon om historia til Sira-Kvina og tyding bedrifta har hatt for útvikling i Sirdal. Ei gruppe fór på stranda og hadde ulike aktivitetar der vatnet spelte ei rolle. Den siste posten var inne i kraftstasjonen der me fekk sjå korleis Noreg sitt største kraftverk ser ut på innsida og høyra litt om arbeidsdagen til ein tilsett i Sira-Kvina.