Sirdal kommune har tidlegare fått tildelt to flott plakett/relieff til minne om "Pilt-Ola". Desse vart tildelt gjennom Forsand kommune sitt prosjekt.
No har Sirdal kommune montert desse på ein høveleg minnestein på bygdetunet, og vil gjerne invitere alle til avduking av dette.
Vel møtt til Sirdal fjellmuseum, Kvæven.
Sundag 12. juni kl. 14.00
Det vert forteljing av historie og enkel servering.
Sjå fleire arrangement i program her: Heimesommar i Sirdal 2022